God jul, Pirripam!
NYNORSK:
Tittel: Jul på bukken hotell
Forfattar: Christian Wiik Gjerde
Illustrert av: Ingrid Dos Santos
Tal sider: 227
Tal kapitla: 24
Utgjeven (Noreg): 2019
Forlag: Samlaget
Sjanger: Juleforteling
ISBN: 9788234000331
Denne boka blei sendt til meg som eit lesar-og-meldeeksemplar frå forlaget Samlaget.
Det er snart jul, men faren og mora til Fredrik likar ikkje jula. Dei vil ikkje pynte til jul, og dei vil ikkje halde dei årlege juletrefestane i byen no som faren har vorte ordførar.
Ei uventa krise råkar familien, og tvinger dei til å måtte leggje seg inn på eit hotell. Men dette er eit hotell som absolutt er utanom det vanlege.
Det fyrste dei ser er eit hus som er fullt av julepynt og juleglede. Men snart byrjar merkelege ting å skje. Smykka til mora forsvinn plutseleg, dyr med nisseluver bur i huset og Fredrik høyrar ljodar som ikkje burde vere der.
Fredrik finn ut at på dette hotellet bur det nissar og gnomar, og dei har fått eit stort problem. Jula er i fare, og nissanes liv er truga. Kan Fredrik redde jula frå mørket som trugar?
«Jul på bukken hotell» er ein spanande og koseleg adventsbok med 24 kapittel. Denne boka er fylt med juleglede og julestemning og er ein kjempeflott bok til adventstida. Boka består av eit nytt kapittel for kvar dag i tida før jul, og er dermed ein herleg adventskalender.
Dette er ei bok full av magi, spenning og julestemning, og ho passar for born i alle aldersgrupper. Ho har massevis av nydelege illustrasjonar og passar fint som ei høgtlesnadsbok eller for dei som har lært seg å lese litt lengre bøker 😊
Ha ein flott adventstid og god lesnad!
BOKMÅL:
Tittel: Jul på bukken hotell
Forfatter: Christian Wiik Gjerde
Illustratør: Ingrid Dos Santos
Antall sider: 227
Antall kapitler: 24
Utgitt: 2019
Forlag: Samlaget
Sjanger: Julefortelling
ISBN: 9788234000331
Denne boka ble sendt til meg som et lese-og-anmeldelseseksemplar fra forlaget Samlaget.
Det er snart jul, men faren og moren til Fredrik liker ikke jula. De vil ikke pynte til jul, og de vil ikke holde de årlige juletrefestene i byen nå som faren har blitt ordfører.
En uventet krise rammer familien, og tvinger dem til å måtte legge seg inn på et hotell. Men dette er absolutt et hotell utenom det vanlige.
Det første de ser er et hus fullt av julepynt og juleglede. Men snart begynner merkelige ting å skje. Smykkene til moren forsvinner plutselig, dyr med nisseluer bor inne i huset og Fredrik hører lyder som ikke burde være der.
Fredrik finner ut at på dette hotellet bor det nisser og gnomer, og de har fått et stort problem. Jula er i fare, og nissenes liv er truet. Kan Fredrik redde jula fra mørket som truer?
«Jul på bukken hotell» er en spennende og koselig adventsbok med 24 kapitler. Denne boka er fylt med juleglede og julestemning, og er en kjempeflott bok til adventstiden. Boka består av et nytt kapittel for hver dag i tiden før jul, og er dermed en herlig adventskalender.
Dette er en bok full av magi, spenning og julestemning, og den passer for barn i alle aldersgrupper. Den har massevis av nydelige illustrasjoner, og passer fint som en høytlesningsbok eller for dere som har lært å lese litt lengre bøker 😊
Ha en flott adventstid, og god lesing!
Hvis du likte denne boka vil du like disse: Kategori Julefortellinger og Fortellinger/Eventyr
Kan doktor Proktor redde jula?: