Bokomtale – Ser du dette? (Nynorsk)

Tittel: Ser du dette?

Forfattar: Sigrid Agnethe Hansen

Tal sider: 140

Utgjeven (Noreg): 2020

Forlag: Samlaget

Sjanger: Drama

ISBN: 9788234001802

Omslagsdesign: Marianne Gretteberg Engedal

Mitt terningkast: 5

 

Denne boka blei sendt til meg som eit lesar-og-meldeeksemplar frå forlaget Samlaget.

 

Anna har flytta til ei ny by i håp om å få ei ny start. Det som hendte i den førre byen plagar henne framleis, men ho har eit håp om at det snart vil forsvinne. Men kva om rykta spreier seg heilt til den nye plassen?

Anna veit ikkje heilt korleis ho skal passe inn på den nye skulen, men heldigvis verte ho kjend med ei jente. Ho heiter Tina, og sjølv om ho er ganske ulik Anna, finn dei tona nesten med ein gong. Men Anna veit ikkje korleis ho skal klare å fortelje Tina kva som hendte i den førre byen. Kva vil ho tenkje?

Minna ser ikkje ut til å forsvinne, og snart må ho vera ærleg. Men etter at som har hendt, er det vanskeleg å stole på nokon igjen.

 

«Ser du dette?» er ein sterk og realistisk bok om nakenbilete på avvegar, rykte som spreier seg, og om det å tore å stole på nokon etter å ha opplevd noko utilgjeveleg. Ho gir eit innblikk i livet til ei som har opplevd å stole på nokon som sveik dei, og som blir utstøyt sjølv om det var dei som var offera. Boka passar for ungdom i alderen 12-16, men kan sjølvsagt lesast av fleire aldersgrupper.

God lesnad!

 

Dersom du lika denne boka vil du like: Kategori Realistisk og Drama

Kan vi bare late som

Det Sara skjuler

OMG

Vi var en gang

Hysj

Dette er ikke oss

Vi skulle vært løver

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg